Skip to content

Kilereimer

Kilereima overfører moment med friksjon mellom flankane på reima og sporet i skiva. Kileforma pressar reima inn i sporet, og det gir mykje større friksjonskraft enn ei flat reim med same strekk.

Notatet har to bruksområde:

  1. Design — velje profil, skiver, lengde og tal på reimar.
  2. Reverse engineering — identifisere ei gammal reim eller reimskive og finne erstatning.

Dimensjonering for alvor skal gjerast mot tabellane til produsenten (Optibelt, Gates, ContiTech, Fenner, SKF …). Verdiane her er gode nok til å velje riktig storleik og sjekke at det går opp.


Profil — mål og omgrep

Tverrsnitt av kilereim

Mål Tyding
\(b_0\) Toppbreidde på reima
\(h\) Høgde på reima
\(b_d\) Datumbreidde — breidda i sporet der reima «verkar». Ligg ved strekkstrengen.
\(d_d\) Datumdiameter — diameteren på skiva ved datumbreidda. All utrekning brukar denne.
\(d_a\) Ytterdiameter på skiva (det du kan måle med skyvelære)
\(\alpha\) Sporvinkel i skiva (32°–38°)

Eldre namn: datum = wirksam (DIN, \(b_w\), \(d_w\), \(L_w\)) = pitch (US, \(L_p\)).


Standardar og typar

Type Profil Standard Bruk
Klassisk kilereim Y, Z, A, B, C, D, E DIN 2215, ISO 4184 Eldre maskiner, landbruk, lett industri
Smalkilereim SPZ, SPA, SPB, SPC DIN 7753, ISO 4184 Standard i Europa i dag. Ca. 1,5–2× effekt av klassisk med same breidde
Fortanna (cogged) smalkilereim XPZ, XPA, XPB, XPC DIN 7753 / ISO 4184 Same skiver som SP, mindre min. diameter, høgare effekt
Fortanna klassisk ZX, AX, BX, CX Same skiver som klassisk
US klassisk A, B, C, D, E RMA / ASTM Ca. same mål som ISO A–E
US smalkilereim 3V, 5V, 8V (3VX, 5VX fortanna) RMA / ASTM US-ekvivalent til SP-serien
US lett drift (FHP) 2L, 3L, 4L, 5L RMA Små maskiner, plenklippar, verkstadmaskiner
Kraftband (banded) t.d. 3/SPB Fleire reimar bunde saman — mot vibrasjon og at reimar hoppar av
Ribbereim / Poly-V PH, PJ, PK, PL, PM ISO 9982, DIN 7867 Bil, kvitevarer, kompakte driftar
Dobbel kilereim (hexagonal) AA, BB, CC Serpentin-drift, reim på begge sider
Variatorreim (breibands) t.d. 30x10, 37x11 Trinnlause variatorar, scooter / CVT

Profilmål — smalkilereimer (SP / XP)

Profil \(b_0\) (mm) \(h\) (mm) \(b_d\) (mm) \(d_{d,min}\) SP (mm) \(d_{d,min}\) XP (mm) Maks. fart
SPZ 9,7 8 8,5 63 56 40 m/s
SPA 12,7 10 11 90 71 40 m/s
SPB 16,3 13 14 140 112 40 m/s
SPC 22 18 19 224 180 40 m/s

Profilmål — klassiske kilereimer

Profil \(b_0\) (mm) \(h\) (mm) \(b_d\) (mm) \(d_{d,min}\) (mm) Kortnemning Maks. fart
Y 6 4 5,3 28 6×4 30 m/s
Z 10 6 8,5 50 10×6 30 m/s
A 13 8 11 75 13×8 30 m/s
B 17 11 14 125 17×11 30 m/s
C 22 14 19 200 22×14 30 m/s
D 32 19 27 355 32×19 30 m/s
E 38 23 32 500 38×23 30 m/s

Profilmål — US (tommar)

Profil \(b_0\) \(h\) Nærmaste ISO
3L 3/8" (9,5 mm) 7/32" (5,6 mm) ≈ Z (lett drift)
4L 1/2" (12,7 mm) 5/16" (7,9 mm) ≈ A (lett drift)
5L 21/32" (16,7 mm) 3/8" (9,5 mm) ≈ B (lett drift)
A 1/2" (12,7 mm) 5/16" (7,9 mm) A
B 21/32" (16,7 mm) 13/32" (10,3 mm) B
C 7/8" (22,2 mm) 17/32" (13,5 mm) C
D 1 1/4" (31,8 mm) 3/4" (19 mm) D
3V 3/8" (9,5 mm) 5/16" (8 mm) ≈ SPZ
5V 5/8" (15,9 mm) 17/32" (13,5 mm) ≈ SPB
8V 1" (25,4 mm) 7/8" (23 mm) ingen direkte

Verdiane er nominelle og varierer litt mellom produsentar. 3V/5V og SPZ/SPB er nesten like. Dei går ofte i kvarandre sine skiver, men er ikkje formelt utbytbare. FHP-reimer (3L–5L) er ikkje laga for full industriell belastning.

Kjenneteikn: klassisk eller smal?

\(\Large \dfrac{h}{b_0} \approx 0{,}6 \quad \text{(klassisk)} \qquad \dfrac{h}{b_0} \approx 0{,}8 \quad \text{(smal / SP)}\)

Z og SPZ har nesten same toppbreidde (10 vs 9,7 mm). Mål høgda: 6 mm = Z, 8 mm = SPZ.

Kompatibilitet mellom skiver

Klassisk og smal profil med same bokstav har same datumbreidde (\(b_d\)): Z/SPZ = 8,5, A/SPA = 11, B/SPB = 14, C/SPC = 19.
- Ei SP-skive kan normalt køyre ei klassisk reim med same datumbreidde (SPA-skive ↔ A-reim).
- Ei SP-reim i ei klassisk skive er dårlegare: sporet er grunnare, så reima ligg høgt. Det går ofte i praksis, men sjekk at reima ikkje stikk meir enn litt over kanten.
- XP-reimer går i vanlege SP-skiver.


Lengdebetegnelsar

Det er her det oftast går gale. Ei reim har tre lengder:

Symbol Lengde Brukt for
\(L_i\) Innvendig lengde Klassiske reimer (Z, A, B, C …)
\(L_d\) (\(L_w\), \(L_p\)) Datumlengde — langs datumlinja SP/XP-reimer, all utrekning
\(L_a\) (\(L_o\)) Utvendig lengde US 3V/5V/8V, 3L/4L/5L

Omrekning

Klassisk: \(L_d = L_i + \Delta\)

Profil Z A B C D E
\(\Delta\) (mm) 22 30 40 58 75 80

Smal: \(L_a = L_d + \Delta\)

Profil SPZ SPA SPB SPC
\(\Delta\) (mm) 13 18 22 30

Verdiane varierer ±3 mm mellom produsentar. Bakgrunnen er at \(L_a - L_d \approx 2\pi \cdot\) (avstand frå datumlinja til topp på reima).

Korleis lese merkinga

Merking Tyding
SPA 1250 SPA-profil, \(L_d\) = 1250 mm
SPA 1250 Lw Same — Lw = wirksam = datum
XPB 1500 Fortanna SPB, \(L_d\) = 1500 mm
A 42 / A42 Klassisk A, \(L_i\) = 42" = 1067 mm
13x1050 Li Klassisk A (13 mm brei), \(L_i\) = 1050 mm
B 1250 Ld Klassisk B, datumlengde 1250 mm — sjekk alltid Li/Ld!
4L420 US lett drift 1/2", utvendig lengde 42,0"
5V800 US smal 5/8", utvendig lengde 80,0"
3VX500 Fortanna 3V, utvendig lengde 50,0"
3/SPB 2000 Kraftband, 3 SPB-reimer bunde saman, \(L_d\) = 2000 mm
6PK1200 Ribbereim, 6 ribber, PK-profil, effektiv lengde 1200 mm

Reimskiver — sporvinkel og datumdiameter

Sporvinkelen blir mindre på små skiver. Det er fordi reima blir breiare på innsida når ho bøyer seg rundt ei lita skive, så flankevinkelen hennar minkar.

Profil 34° ved \(d_d \le\) 38° ved \(d_d >\) \(b\) — datum til ytterkant (mm)
Z / SPZ 80 80 2,0
A / SPA 118 118 2,75
B / SPB 190 190 3,5
C / SPC 315 315 4,8
D 36° ≤ 500 500 8,1
E 36° ≤ 630 630 9,6

Frå ytterdiameter til datumdiameter:

\(\Large d_d = d_a - 2b\)

Standard datumdiametrar (R20/R40-serie, mm):
63 · 67 · 71 · 75 · 80 · 85 · 90 · 95 · 100 · 106 · 112 · 118 · 125 · 132 · 140 · 150 · 160 · 170 · 180 · 190 · 200 · 212 · 224 · 236 · 250 · 265 · 280 · 300 · 315 · 335 · 355 · 375 · 400 · 425 · 450 · 500 · 560 · 630 · 710 · 800 · 900 · 1000

Taper Lock-bossingar

Dei fleste moderne skiver brukar Taper Lock-bossing. Nummeret har formatet AABB: AA ≈ maks boring i tidels tomme, BB ≈ lengde i tidels tomme.

Bossing Maks boring ca. (mm) Lengde (mm)
1008 25 22
1108 28 22
1210 32 25
1610 42 25
2012 50 32
2517 65 45
3020 75 51
3525 90 65

Formlar

Moment og effekt

\(\Large M = \dfrac{9550 \cdot P}{n}\)

\(M =\) Moment (Nm), \(P =\) Effekt (kW), \(n =\) Turtal (o/min)

Utveksling

\(\Large i = \dfrac{n_1}{n_2} = \dfrac{d_{d2}}{d_{d1}}\)

Indeks 1 = drivande skive (motor), 2 = driven skive. Bruk datumdiameter. Reell slure er ca. 1–2 %, så driven aksel går litt saktare enn utrekna.

Reimfart

\(\Large v = \dfrac{\pi \cdot d_{d1} \cdot n_1}{60\,000}\)

\(v =\) Reimfart (m/s), \(d_{d1}\) i mm, \(n_1\) i o/min.
Optimalt område er ca. 15–30 m/s. Under ca. 5 m/s blir reimkrafta stor (sjå \(F_e\) under), så det trengst mange reimar. Over 30 (klassisk) / 40 (smal) m/s blir sentrifugalkrafta for stor.

Effektiv reimkraft (trekkraft)

\(\Large F_e = F_1 - F_2 = \dfrac{2M}{d_d} = \dfrac{P}{v}\)

\(F_1 =\) Kraft i stram part, \(F_2 =\) Kraft i slakk part (N)
Med \(M\) i Nm og \(d_d\) i m, eller \(P\) i W og \(v\) i m/s.

Kvifor kileforma gir grep

Forholdet mellom stram og slakk part følgjer same formel som tau rundt ein pullert (sjå Tau friksjon), men med ein «effektiv» friksjonskoeffisient:

\(\Large \dfrac{F_1}{F_2} = e^{\mu' \beta} \qquad \mu' = \dfrac{\mu}{\sin(\alpha/2)}\)

Med \(\alpha = 38°\) blir \(\sin 19° \approx 0{,}33\), så kileforma gir ca. 3 gonger så høg friksjon som ei flat reim. Difor kan kilereimer gå med lågare forspenning og mindre omslutning.

Akselbelastning

\(\Large F_{aksel} \approx (1{,}5 - 2) \cdot F_e\)

Grovt anslag ved korrekt forspenning. Det er viktig for lager og for utkraga motoraksel — hald skiva så nær lageret som mogleg.

Reimlengde (open drift)

\(\Large L_d \approx 2C + \dfrac{\pi}{2}(d_{d1} + d_{d2}) + \dfrac{(d_{d2} - d_{d1})^2}{4C}\)

\(C =\) Senteravstand (mm)

Senteravstand frå reimlengde

\(\Large C = \dfrac{k + \sqrt{k^2 - 8(d_{d2} - d_{d1})^2}}{8} \qquad k = 2L_d - \pi(d_{d1} + d_{d2})\)

Anbefalt: \(\; 0{,}7(d_{d1} + d_{d2}) \le C \le 2(d_{d1} + d_{d2})\)

Set av justeringsrom: ca. −1,5 % av \(L_d\) for montering, og +3 % for etterstramming.

Omslutningsvinkel på lita skive

\(\Large \beta \approx 180° - 57{,}3° \cdot \dfrac{d_{d2} - d_{d1}}{C}\)

Bør vere over ca. 120°. Lågare vinkel gir mindre kapasitet per reim, sjå \(c_1\) under.


Dimensjonering — framgangsmåte

Metoden følgjer DIN 2218 / ISO 5292, som er det same alle produsentkatalogar brukar.

1) Dimensjonerande effekt

\(\Large P_B = P \cdot c_2\)

Drift \(c_2\) ca. (8–16 t/døgn)
Lett — vifter, sentrifugalpumper, transportband lett 1,1
Middels — kompressorar (skrue), verktøymaskiner, sager 1,2
Tung — stempelkompressorar, kverner, heisar 1,4
Svært tung — knusarar, hamarmøller, valseverk 1,6

Legg til ca. +0,1 ved drift over 16 t/døgn, og trekk frå ca. 0,1 ved under 8 t/døgn. Bruk høgare verdi for motor med høgt startmoment eller direktestart med mykje masse.

2) Vel profil
Ut frå \(P_B\) og turtalet til den minste skiva, i diagram frå produsent. Grov rettleiing ved ca. 1450 o/min:

\(P_B\) (kW) Typisk profil
< 3 SPZ (eller Z)
3 – 15 SPZ / SPA
10 – 40 SPA / SPB
30 – 150 SPB / SPC
> 150 SPC

Ved lågare turtal kan det trengast ein profil større.

3) Vel skiver
Lita skive så stor som plassen tillèt, og minst \(d_{d,min}\). Ei større skive gir høgare reimfart, lågare reimkraft og lengre levetid. Finn stor skive frå utvekslinga, og rund av til standard diameter.

4) Senteravstand og reimlengde
Vel \(C\), rekn \(L_d\), vel nærmaste standardlengde og rekn ut \(C\) på nytt.

5) Tal på reimar

\(\Large z = \dfrac{P_B}{P_N \cdot c_1 \cdot c_3}\)

\(P_N =\) Nominell effekt per reim (produsenttabell, avheng av profil, \(d_{d1}\), \(n_1\) og \(i\))
\(c_1 =\) Vinkelfaktor (omslutning)
\(c_3 =\) Lengdefaktor (kortare reim = fleire bøyingar per minutt = lågare faktor, typisk 0,8–1,1)

\(\beta\) 180° 170° 160° 150° 140° 130° 120° 110° 100° 90°
\(c_1\) 1,00 0,98 0,95 0,92 0,89 0,86 0,82 0,78 0,73 0,68

Grov kapasitet per reim (\(P_N\), ca. 1450 o/min på lita skive, \(i \approx 1{,}5\)):

Profil \(d_{d1}\) (mm) \(P_N\) ca. (kW)
SPZ 100 2,2
SPA 125 3,5
SPA 160 5,5
SPB 200 10
SPC 315 (970 o/min) 25
A 125 2,0
B 180 4,5

Berre for å sjekke at svaret er rimeleg — bruk produsenttabell til endeleg val.


Montering og vedlikehald

  • Byt alle reimer i eit sett samtidig, og bruk same merke og same produksjonsparti (matched set). Nye og gamle reimer deler ikkje lasta jamt.
  • Ikkje lirk reima på over kanten på skiva — slakk av motoren. Lirking skadar strekkstrengen.
  • Linjering: skivene skal stå i flukt, maks ca. 0,5° vinkelfeil. Sjekk med linjal eller laser over begge skivene.
  • Forspenning, tommelfingerregel: nedbøying ca. 16 mm per meter spennlengde (1/64 av spennet), med testkraft frå produsenten midt på spennet. For slakk reim gir slure og varme. For stram reim gir lager- og akselbrot.
  • Etterstramming: etter ca. 30 min – 4 timar køyring. Nye reimer set seg.
  • Slitne spor: reima skal ikkje gå på botnen av sporet, og blanke flanker / blank botn tyder på slitt skive. Sporsjablong er billeg.
  • Reimer som pip ved start betyr som regel slakk reim eller overlast.

Reverse engineering — framgangsmåte

1) Les merkinga på reima om det går (sjå tabell over). Pass på kva lengde som er oppgitt — Li, Ld eller La.

2) Mål reima: toppbreidde \(b_0\) og høgde \(h\).
- Bruk \(h/b_0\) for å skilje klassisk (≈ 0,6) frå smal (≈ 0,8).
- Gamle reimer er slitne og flatare — rund opp mot nærmaste profil.

3) Mål sporet på skiva:
- Toppbreidde på sporet ≈ \(b_0\) for reima.
- Sporvinkel 34°–38° (sjablong eller vinkelmålar).
- Skiver med djupe spor = SP-profil, grunne = klassisk.
- US-maskiner (tommemål på boring, kilespor i tommar) har gjerne 3L/4L/5L eller A/B.

4) Finn datumdiameter:

\(d_d = d_a - 2b\) → rund av til nærmaste standard datumdiameter.

5) Finn reimlengde utan reim:
- Mål senteravstand \(C\) med reima stramma, og rekn ut \(L_d\) med formelen over.
- Eller: legg eit målband / snor rundt skivene i sporet ved datumlinja.
- Eller: mål den gamle reima utvendig med målband og trekk frå \(\Delta\).

6) Kontroller: stemmer turtal og utveksling med det maskina skal gjere? Er profilen stor nok for motoreffekten?


Eksempel

1) Design: skruekompressor

Motor 5,5 kW, 1450 o/min. Kompressoren skal gå ca. 900 o/min. Senteravstand ca. 400 mm.

Dimensjonerande effekt: \(P_B = 5{,}5 \cdot 1{,}2 = 6{,}6 \, kW\) → SPA

Moment på motoraksel:
\(M = \dfrac{9550 \cdot 5{,}5}{1450} = 36{,}2 \, Nm\)

Skiver: \(d_{d1} = 125 \, mm\)
\(d_{d2} = 125 \cdot \dfrac{1450}{900} = 201\) → standard 200 mm → \(n_2 = 1450 \cdot \dfrac{125}{200} = 906 \, o/min\)

Reimfart:
\(v = \dfrac{\pi \cdot 125 \cdot 1450}{60\,000} = 9{,}5 \, m/s\) ✓

Reimkraft:
\(F_e = \dfrac{P}{v} = \dfrac{5500}{9{,}5} = 580 \, N\) (kontroll: \(\dfrac{2 \cdot 36{,}2}{0{,}125} = 579 \, N\) ✓)
Akselbelastning ca. \(1{,}5-2 \times 580 \approx 900-1200 \, N\)

Lengde:
\(L_d = 2 \cdot 400 + \dfrac{\pi}{2}(125 + 200) + \dfrac{75^2}{4 \cdot 400} = 800 + 510{,}5 + 3{,}5 = 1314 \, mm\) → vel SPA 1320

Ny senteravstand:
\(k = 2 \cdot 1320 - \pi \cdot 325 = 1619\)
\(C = \dfrac{1619 + \sqrt{1619^2 - 8 \cdot 75^2}}{8} = \dfrac{1619 + 1605}{8} = 403 \, mm\)

Omslutning:
\(\beta = 180° - 57{,}3° \cdot \dfrac{75}{403} = 169°\) → \(c_1 \approx 0{,}98\)

Tal på reimar: \(P_N \approx 3{,}5 \, kW\), \(c_3 \approx 0{,}93\)
\(z = \dfrac{6{,}6}{3{,}5 \cdot 0{,}98 \cdot 0{,}93} = 2{,}07\) → 3 reimar

Med \(d_{d1} = 140\) i staden (og \(d_{d2} = 224\)) aukar \(P_N\) til ca. 4,3 kW, og 2 reimar er nok. Ei større skive er ofte billegare enn ei ekstra reim.

2) Reverse engineering: gammal reimskive

Skive utan reim. Ytterdiameter \(d_a = 137{,}5 \, mm\). Sporet er ca. 12,7 mm breitt i toppen og djupt.

  • Breidde 12,7 og djupt spor → SPA (eller A).
  • \(d_d = 137{,}5 - 2 \cdot 2{,}75 = 132 \, mm\) → standard 132 ✓
  • Sporvinkel: \(d_d = 132 > 118\) → skal vere 38°. Mål for å sjekke.
  • Motorskiva er tilsvarande \(d_d = 90\), og senteravstanden er 350 mm:

\(L_d = 700 + \dfrac{\pi}{2}(90 + 132) + \dfrac{42^2}{1400} = 700 + 348{,}7 + 1{,}3 = 1050 \, mm\) → SPA 1060 eller SPA 1032 avhengig av justeringsrom.

Om det skal vere klassisk A-reim: \(L_i = L_d - 30 = 1020 \, mm\) → ca. A 40 (1016 mm).


Relatert